Makemake (småplanetnemning 136472 Makemake, symbol: ), tidlegare , (tidlegare uoffisielt òg kalla easterbunny, engelsk for påskeharen) er den tredje største kjende dvergplaneten i solsystemet, berre slege av Pluto og Eris. Makemake er òg kvalifisert som ein plutoide, ei undergruppa av dvergplanetane som har ein stor halvakse (snittavstand) større enn Neptun.«News Release - IAU0806: Fourth dwarf planet named Makemake» - offisiell IAU-presemelding
Makemake vart oppdaga 31. mars 2005 av eit lag leitt av Michael Brown og er namnsett etter skaparguden Makemake frå mytologien på Påskeøya. Han har éin kjend måne (S/2015 (136472) 1) som vart oppdaga på bilete tekne av Hubble-teleskopet i april 2015.Hubble Discovers Moon Orbiting the Dwarf Planet Makemake - NASA
Fysiske eigenskapar
Makemake er etter Pluto det visuelt lysaste kuiperbelte-objektet og har ein tilsynelatande storleiksklasse på nesten 17; lyst nok til at ein ved hjelp av eit kraftig amatørteleskop kan sjå det.
Spektumet til Makemake liknar på Pluto sitt i synleg og nærinfraraudt lys. Spektrumet er raudleg i den synlege delen, motsett til Eris som har eit grått og nøytralt spektrum. Det infraraude spektrumet er merkt av tilstadeveringa av metan (CH4) likt dei til Pluto og Eris. Tilstadeveringa av metan, meir synleg end den på Pluto, hintar til at òg Makemake har ein atmosfære nær perihel (punktet der Makemake er nærast sola) som frys til etter kvart som objektet flyttar seg lengre vekk ifrå sola.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «(136472) 2005 FY9» frå , den 12. mars 2008.
Kategori:Plutoidar Kategori:Klassiske kuiperbelteobjekt Kategori:Himmellekamar oppdaga i 2005 Kategori:Oppdagingar av Chad Trujillo Kategori:Oppdagingar av David L. Rabinowitz Kategori:Oppdagingar av Michael E. Brown