Hallingmålet er ein norsk dialekt, som er tala i Hallingdal. Målet høyrer til fjellbygdmåla, sameleis som målføra i Gudbrandsdalen, Valdres, Numedal og Telemark. Målet har mykje sams med Valdresmålet og Kryllingmålet.
Kjenneteikn
Pronomen
I "klassisk" halling er pronomena E (første person eintal) og dikka/dikko (første person fleirtal) dei mest attkjennelege. Genitivsfleirtal blir ofte dikkas.
Subjekt: E - du, han, ho - hona
Objekt: me - de, hono/o, hænna.
Genitiv: Min, mi, mitt, din, di, ditt, hass, hænna, åt di (Låtten hass Tor, fasyst henna mor). Dativ: Mino, dino, sino.
Fleirtal: me, dai, dai, uss, dikka, dikka (Gol: Dikkon), de, vår, dikka, dæiræ.
Ho og han kan stundom nyttast om ting: denne steidn, han ligg i vegjin, me lyt ta han.
I tillegg har forma hin vore nytta:
Hin, hitt, hinæ, hino (På hi sida åne, på hin foten, Kor æ hin).
Ubunde pronomen:
Ængorn, ain, nokon, ingæn, ingjin, mangain, mangt aitt, an, kor, all (nyttast som på engelsk: all dagen "all day"), dæ, ain, aitt, noko, nøkklæ.
Pronomen i dativ er ikkje mykje nytta i dei yngre årsklassene, men der vart det skild mellom han (nominativ), hass (genitiv) og hono (dativ) i hankjønn, og ho/henne (nominativ), henna (genitiv) og hona (dativ).
substantiv
Substantiva er bøygde slik (døme):
Hankjønn:
Ain bil, bilæn, bila, biladn (dativ: bile - bilo)
Arm - armæn - arma - armadn (arme - armo)
Båt - båt`n - båta - båtadn (båte - båto
mann - mann - mænna - mænnadn (manne - mænno)
Sån - sån - syni, synidn (såne - syno)
Ven - ven - veni - venidn (vene - veno)
Bonde - bonden - bønda - bøndadn (bonda - bøndo)
Hokjønn:
Bok - bokji - bøka - bøkadn (bokæn - bøko)
Jæntæ - jænta - jæntu - jæntudn (jæntun - jænto)
Ei ku, kue, kyr, kydn,
Ei høne, høna, hønu, hønudn (linne hokjønnsord).
Inkjekjønn:
Æplæ - æple - æplu - æpludn (æple - æplo)
døme - døme - dømu - dømudn (dømu - dømo)
adjektiv
Ain liten gut, ai liten jente, ait lite hus.
gradbøying:
Rik - rikar - rikast
Stor - størræ - støst.
adverb
Bøyast etter regelen ikkje.
Dai voro rik, me æra stor.
Preposisjonar
Ette, før, fyry, fyryåt, frå, hjå, i, igjøno, imyljo, mot, or, på, te, um, unde, upp, ut, uppivi, utta, tå, åv, ovær, åt.
I, or og åt høyrer i hop:
E bur i Kvislen, e kom or kvamen, E ska åt kvamen.
På, te og tå, høyrer i hop:
E bur på Geilo, E ska te Geilo, e kom tå Geilo.
Kasus
Både personlege pronomen, eigedomspronomen og substantiv følgjer regelen om oblikt kasus i alle kjønn.
Hankjønn vert "åt bile", hokjønn "åt kuen", og inkjekjønn "åt husè" med vekt på siste stavinga. Pronomena vart bøygde sameleis:
"Han tala åt gute sino". "E ska te hono far".
Verb
I "klassisk" halling vart verba bøygde i eintal og fleirtal. Dette draget finst i dag mest hjå gamle folk:
"Me era tå gode folk". "Dei voro tå ustedale". "Me gingo åt kyrkjun".
Elles er eit sentralt målmerke her Kløyvd infinitiv.
sterke verb (døme):
Fyrste klasse:
Finne - finn - fann - funne - me funno
Bræste - bræst - brast - brøste - brosto
Søkkji - søkk - søkk - søkkji - sokko
Dætte - dætt - datt - døtte - døtto
Andre klasse:
Læsa - læs - les - lese - leso
Bæra - bær - bar - børe - boro
Vera - æ - va - vøre - me æra/voro
Tredje klasse:
Bita - bit - bait - biti - bito
Fjerde klasse:
Brøta - bryt - braut - brøte - brøto
Femte klasse:
Fara - fær - for - fare - foro
Sjette klasse:
Gråta - græt - gret - grete - greto
Linne verb:
Fyrste klasse:
Vænja - væn - vandæ - vant
Krævja - kræv - kravdæ - kraft
Vælja - væl - valdæ - valt
Andre klasse:
Tømæ - tøme - tømdæ - tømt
Trivast - trivist -trivdæst - trifst
Tredje klasse:
Øpnæ - øpna - øpna - øpna
Baka - baka - baka - baka
So og bala, baskæ, braka, laga, og sala.
Partisipp:
Eit partisipp kan seiast på tre vis: Springjan, springjande, springjandes.
Tonefall
Diftongen ei er ofte djupare enn vanleg på austlandet, slik at det gjerne let som "ai". "Ai ven gjente". "Dai sko fara åt Lærdale". Stutt O er gjerne brigda til Ø, "følk". Dette særdraget finst dei fleste stader i dalen, med Ål som einaste unnatak. Endinga -dn i slutten av fleirtalsord har smitta over på andre endingar frå gamalt, slik at namnet Svein til dømes kunne låte som Svaidn.
Særskilde ord og vendingar
Bæmbil - navle
Bændil - kornband
Bet - kor kvass ljåeggen er (koss æ bete?)
Bekar - ein sauebukk
bøføtt - berrføtt
drått - krampe
ænder og då - stundom
feshøl - endetarmsopning
feslunka - mellomvarm
fjampen - unett
flag - bratt bergvegg
Holkjaka - skrinn
kløpp - lita bru
træk - gravid
skroyvæ - ta opp plass
(æ-lyden i hallingmål er heller trong).
Lokale skilnader
Di lenger ned i dalen ein kjem, di trongare vert vokalane, slik at vokalen Y er mest borte lengst nede i dalen mot Krødsherad. "Dei bigde ei bru". Delet mellom E og Je finst naturleg om lag ein tredjedels veg opp i Flå, slik at folk i sørbygda i Flå seier je, medan folk midt i bygda seier E.
Kategori:Norske målføre