Beskelandsfjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til Indiannaplassen i botn av fjorden. Grenda Beskeland, som fjorden er kalla opp etter, ligg på austsida av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sjøsteinen i vest og Ramnsnova i aust. Ramnen er ein ås på 285 meter over havet som ligg like aust for fjorden.

Fylkesveg 14 går langs sørsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Åfjord