mini|Fredvangbruene. Til venstre Kubbholmleia bru, til høgre Røssøystraumen bru. Fredvangbruene er to fritt frambygg-bruer som bind fiskeværet Fredvang på Moskenesøya med resten av Flakstad kommune på Flakstadøya i Nordland. Bruene er del av Fylkesveg 986 i Nordland.
Både Kubholmleia bru og Røssøystraumen bru er 240 meter lange og har hovudspenn på 115 meter. Begge bruene har 3 spenn og seglingshøgde 16 meter. Bruene vart opna 3. desember 1988, og erstatta ferjestrekninga mellom Finnbyen og Fredvang. Ferjesambandet hadde vore i drift sidan 1965.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fredvangbruene» frå , den 9. mars 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Fritt frambygg-bruer Kategori:Vegar i Flakstad Kategori:Bruer opna i 1988 Kategori:1988 i Noreg