Magadan oblast er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magadan, arealet er 462 500 km² og innbyggjartalet er 157 000 (2010).
Demografi Den einaste byen er Magadan med 95 980 ibuarar i 2010. Som andre område i det russiske fjerne austen er området prega av sterk nedgang i folketalet. På fem år, frå folketeljinga i 2002 til 2007, gjekk det ned med 7,8 %.
Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar: 81,5 % Ukrainarar: 6,3 % Evenar: 1,7 %
Det fanst òg mindre grupper av andre urfolk: 900 korjakar (0,6 %) 613 itelmenar (0,4 %) 407 jakutar (0,3 %) 280 kamtsjadalar (0,2 %)
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt