Eidsfjorden er ein fjordarm av Sogndalsfjorden på nordsida av Sognefjorden i Sogndal kommune. Han strekkjer seg 3 km rett austover.
Fjorden har innløp mellom Kjørnes i nord og Djupeviki i sør. Inst i fjorden ligg Eide, som fjorden er kalla opp etter.
Riksveg 5 går langs nordsida av fjorden. På sørsida går Fylkesveg 214.
Kategori:Fjordar i Sogndal