mini|Songsvaneegg.
Songsvane (Cygnus cygnus) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg. Svana er heilt kvit i fjørdrakta, og har eit gult nebb med ein svart tupp. Fuglen kan bli 160 cm lang.
Utbreiing og økologi Songsvane hekka tidlegare spreitt i vegetasjonsrike tjern og innsjøar, ofte i dei mest utilgjengelege myrområda i nordlege delar av Noreg. I dei seinare år har arten likevel ekspandert sørover. Føda består i hekketida av akvatiske plantar samt gras. Fuglar som hekkar i Noreg overvintrar truleg hovudsakleg langs norskekysten, men vinterbestanden er mykje større enn hekkebestanden og det blir derfor at antatt også svenske, finske og kanskje russiske songsvaner overvintrar i Noreg. Arten er avhengig av ope vatn og flyttar seg om hausten og vinteren etter isforholda.
Bestand og bestandsutvikling Den norske hekkebestanden vart i 2015 vurdert å vera i intervallet 700 til 1200 individ, og han vart då vurdert som aukande.Shimmings, P. & Øien, I.J. (2015). Bestandsestimater for norske hekkefugler. NOF-Rapport 2015-2.
Vurderingsperioden for songsvane er 30 år (grunna generasjonslengda på arten på 10 år.Bird, J. P., Martin, R., Akçakaya, H.R., Gilroy, J., Burfield, I.J., Garnett, S., Symes, A., Taylor, J., Sekercioglu, Ç.H. & Butchart, S.H. (2020). Generation lengths of the world's birds and their implications for extinction risk. Conservation Biology In Press
Bestanden har sidan 1990-talet vore i sterk vekst med ekspansjon sørover i Noreg, og arten hekkar no i alle fylke i Noreg. Bestanden i Nord-Noreg har òg auka.
Arten etablerte seg til dømes som hekkefugl i Østfold (1998), Oslo & Akershus (1999)Dale, S. (2017). Stadig flere hekkende sangsvaner i Oslo og Akershus. Toppdykker'n 2-2017: 88-95., Vestfold (2005), Møre og Romsdal (2006, men mangelfulle data herfrå), Vest-Agder (2007), Aust-Agder (2008,Stalleland 2014 (2014). Songsvanehekking i Aust-Agder 2013 og 2014. Fugler i Aust-Agder 43 (2): 80-83.), Buskerud (2009), Hordaland (2011), Rogaland (2013), Telemark (2014, 2015Arnesen, M.R. (2015). Sangsvane hekker for første gang i Telemark. Fugler i Telemark 44 (1): 8-11) og Oslo (2015).
På bakgrunn av auke i utbreiing og bestand antar vi at bestanden no er i intervallet 1000–2000 individ, noko som betyr raudlistekategori nær trua NT etter kriteriet D1. Bestanden i Sverige er på ca. 12 000 individ, og er kraftig aukande.Green, M., Haas, F. & Lindström, Å. (2020). Övervakning av fåglarnas populationsutveckling. Årsrapport för 2019. Rapport, Biologiska institutionen, Lunds Universitet. 96 s.
I Finland er bestanden, som vart anslått til 10 000–14 000 individ i 2011 (2011Väisänen, R.A., Hario, M. & Saurola, P. (2011). Population estimates of Finnish birds. I: Valkama, J., Vepsäläinen, V. & Lehikoinen, A. 2011: The Third Finnish Breeding Bird Atlas Finnish Museum of Natural History and Ministry of Environment: (cited 17.10.2020) ISBN 978-952-10-7145-4. http://atlas3.lintuatlas.fi/english), aukande (2019Hyvärinen, E., Juslén, A., Kemppainen, E., Uddström, A. & Liukko, U.-M. (eds.). (2019). The 2019 Red List of Finnish Species. Ympäristöministeriö & Suomen ympäristökeskus. Helsinki. 704 s.).
I Danmark er arten under etablering.Moeslund, J.E., Nygaard, B., Ejrnæs, R., Bell, N., Bruun, L.D., Bygebjerg, R., Carl, H., Damgaard, J., Dylmer, E., Elmeros, M., Flensted, K., Fog, K., Goldberg, I., Gønget, H., Helsing, F., Holmen, M., Jørum, P., Lissner, J., Læssøe, T., Madsen, H.B., Misser, J., Møller, P.R., Nielsen, O.F., Olsen, K., Sterup, J., Søchting, U., Wiberg-Larsen, P. & Wind, P. (2019). Aarhus Universitet, DCE – Nationalt Center for Miljø og Energi. www.redlist.au.dk.
Raudlistevurdering I følgje BirdLife International (2017) er både hekke- og vinterbestanden i Europa aukande. Songsvane blir vurdert til raudlistekategori nær trua NT, på bakgrunn av observasjonar og basert på kriteriet D1 (1000–2000 reproduserande individ).
Arten blir nedgradert til livskraftig LC° grunna solide og aukande bestandar i nabolanda våre. Dette gir moglegheit for reetablering dersom arten i periodar skulle forsvinna frå Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien Kategori:Fuglar i Noreg