Robert «Bob» Beamon () er ein friidrettsutøvar frå USA, best kjend for å ha halde verdsrekorden i lengdehopp frå 1968 til 1991.
Beamon, som kjem frå bydelen Queens i New York, sette verdsrekord i lengde under OL i 1968 i Mexico by med eit hopp på 8,90 m, heile 55 cm lengre enn den tidlegare rekorden.
Før dette hoppet hadde verdsrekorden vorte betra 13 gonger sidan 1901, med ei gjennomsnittleg auke på 6 cm, og aldri med meir enn 15 cm.
OL-vinnaren frå 1964, Lynn Davies frå England, sa til Beamon: «Du har øydelagd denne øvinga». Rekorden stod fram til 1991, då amerikanaren Mike Powell hoppa 8,95 under VM i friidrett 1991 i Tokyo.
Bakgrunnsstoff
World Athletics
Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå New York City