Krok- og torskekrigane (nederlandsk Hoekse en Kabeljauwse twisten) var ei rekkje krigar og slag i grevskapet Holland mellom 1350 og 1490. Dei fleste av desse krigane handla om kven som skulle ha tittelen greve av Holland, men bak dette var det ein maktkamp mellom borgarane i byane mot den regjerande adelen.
Torske-gruppa bestod hovudsakleg av dei meir framståande byane i Holland, medan krok-gruppa for det meste bestod av konservative adelsmenn.
Opphavet til namnet er ukjent, men det kom kanskje frå hæren til Bayern som hadde rustningar forma som fiskeskjel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hook and Cod wars» frå , den 19. februar 2008.
Litteratur
Kategori:Nederlandske krigar Kategori:Krigar i mellomalderen Kategori:Konfliktar på 1300-talet Kategori:Konfliktar på 1400-talet