Socialdemokratiet (tidlegare Socialdemokraterne 2002–2016) er eit dansk politisk parti.

Socialdemokratiet har røter i det 19. hundreåret. Partiet blei stifta i 1871 av Louis Pio, Harald Brix og Paul Geleff. Formålet var å organisere den veksande arbeidarklassen på eit demokratisk, sosialistisk grunnlag. Sidan midten av hundreåret hadde Danmark vore inne i ein industrialiseringsprosess. Landbefolkninga flytta inn til byane og blei arbeidarar, og Socialdemokratiet sprang ut av kravet om å gje denne befolkningsgruppa rettferdige levevilkår og demokratiske rettar.

Ved folketingsvalet i 1924 blei Socialdemokratiet det største partiet med 36,6 prosent av stemmene, og partiet danna for første gong regering - med Thorvald Stauning som statsminister. Han utnemnde verdas første kvinnelege minister, Nina Bang, same året - ni år etter at kvinner fekk valrett i Danmark.

I heile perioden fram til 2001 har Socialdemokratiet med få unnatak hatt regeringsmakta, og det har dermed prega den danske samfunnsutviklinga på nesten alle område. Socialdemokratiet danna seinast regjering frå den 25. januar 1993 fram til den 27. november 2001 med Poul Nyrup Rasmussen som statsminister.

Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Danmarks Socialdemokratiske Ungdom (DSU). Partiet er medlem av Den sosialistiske internasjonalen.

Partileiaren er sidan 2015 Mette Frederiksen. Ho blei statsminister i Danmark etter valet i 2019.

Forholdet til LO Inntil midten av 1990-talet peikte Socialdemokratiet to medlemer til LO sitt arbeidsutval, og LO hadde to medlemer i Socialdemokratiet sitt arbeidsutval. Sjølv om det tette organisatoriske bandet ikkje lenger er der, arbeider LO og Socialdemokratiet framleis nært saman.

Partileiarar

Partiformann Tiltro Avgang Louis Pio 1871 1872 Carl Würtz 1872 1877 Ernst Wilhelm Klein 1874 1875 Louis Pio 1875 1877 Chresten Hørdum 1877 1877 A. C. Meyer 1878 1878 Saxo W. Wiegell 1878 1879 Chresten Hørdum 1880 1882 P. Knudsen 1882 1910 Thorvald Stauning 1910 1939 Hans Hedtoft 1939 1941 Alsing Andersen 1941 1945 Hans Hedtoft 1945 1955 Hans Christian Hansen 1955 1960 Viggo Kampmann 1960 1962 Jens Otto Krag 1962 1972 Anker Jørgensen 1972 1987 Svend Auken 1987 1992 Poul Nyrup Rasmussen 1993 2002 Mogens Lykketoft 2002 2005 Helle Thorning-Schmidt 2005 2015 Mette Frederiksen 2015 i dag

Kjelder

Bakgrunnsstoff Socialdemokratiet Danmarks Socialdemokratiske Ungdom

Kategori:Danske politiske parti Kategori:Sosialdemokratiske parti Kategori:Skipingar i 1871