Schouwen-Duiveland er ein kommune og ei øy i provinsen Zeeland sørvest i Nederland.

Brouwersdam er ei demning som er ein del av Deltaprosjektet og som strekkjer seg frå Schouwen-Duiveland til Goedereede, den vestlege delen av øya Goeree-Overflakkee i Zuid-Holland.

Tettstader i kommunen Brijdorpe, Brouwershaven, Bruinisse, Burgh, Burghsluis, Dreischor, Elkerzee, Ellemeet, Haamstede, Kerkwerve, Looperskapelle, Moriaanshoofd, Nieuwerkerk, Nieuwerkerke, Noordgouwe, Noordwelle, Oosterland, Ouwerkerk, Renesse, Scharendijke, Schuddebeurs, Serooskerke, Sirjansland, Westenschouwen, Zierikzee og Zonnemaire.

Det er ingen tettstader med same namn som kommunen. Kommunen er kalla opp etter øya, som igjen har fått namnet sitt frå to tidlegare øyar, Schouwen og Duiveland (og Dreischor) som vart polderisert saman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Schouwen-Duiveland» frå , den 12. februar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Zeeland Kategori:Øyar i Nederland Kategori:Rhinen-Maas-Schelde-deltaet