Hønsehauken (Astur gentilis) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien som held til i tempererte strok av den nordlege halvkula. Arten var på norsk raudliste 2006, der han hadde status som sårbar, men var i 2010 justert ned til nær truga, i 2021 tilbake til sårbar.

Skildring mini|venstre|Juvenil (venstre) og vaksen fugl. mini|Læte

Hønsehauken er den største arten i slekta Accipiter. Hannfuglen er 49-57 cm lang, med eit vengespenn på 19-105 cm. Hoa er mykje større enn hannen, med ein kroppslengde på 58-64 cm og eit vengespenn på 108-127 cm og kan vega opptil 2 kg. Hannen er blågrå ovenpå og spragla grå under, medan hoa er skifergrå over og grå under.

Fuglen har korte, breie venger og ein lang stjert som hjelper han å styra mellom trea i skogane han lever i. Hønsehauken flyg karakteristisk med fem seine vengeslag og så glideflukt.

I kulturen Hønsehauken er avbilda på flagget til Asorane.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Goshawk» frå , den 16. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Haukefamilien Kategori:Fuglar i Noreg