Noord er ei kort tidvasselv i Zuid-Holland i Nederland. Ho startar ved byen Dordrecht der elva Beneden Merwede forgreinar seg i Oude Maas og Noord. Ho renn i saman med Lek ved byane Ridderkerk og Kinderdijk, og desse dannar så elva Nieuwe Maas. Elva er berre om lag 9 km. Retninga vatnet renn i elva er avhengig av tidvatnet. Elva brukte å vere ein del av elva Merwede, men har mista dette namnet i løpet av åra.

Nord renn mellom øya IJsselmonde og Alblasserwaard på fastlandet i aust. Mellom desse går det ei bru og ein tunnel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Noord River» frå , den 9. februar 2008.

Kategori:Elvar i Nederland Kategori:Rhinen-Maas-Schelde-deltaet