Nikšić (kyrillisk Никшић) er ein by og ein kommune i Montenegro. Han ligg på Nikšićsletta ved foten av Trebjesa i Sentralregionen. Byen er den nest største i landet etter Podgorica og er eit viktig senter for industri, kultur og utdanning. Han er senteret i Nikšić kommune, som er den største kommunen i landet ut frå areal. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 65 705 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagd på 300-talet under namnet Onogost eller Anagastum då romarane bygde ei festning på staden. Byen vart øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger gjennom tidene. Etter kvart voks byen utanfor festningsmurane, men utviklinga av byen var lenge knytt til festninga. Det osmanske riket erobra heile området på 1400-talet og vart først frigjeve i 1877. Byen vart hardt råka av den andre verdskrigen, men vart raskt bygd opp att.
Busetnader Dei største busetnadene i kommunen:
Folketal 2003 Folketal 2011 Folketal 2023 Nikšić 58 212 56 970 Ozrinići 2 024 2 057 1 513 1 535 863 1 006 910 846 Kommunen Nikšić 75 282 72 443 65 705
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nikšić» frå , og «Nikšić» frå den 7. februar 2008.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell side Visit-Montenegro.com Photo-Montenegro.com
Kategori:Kommunar i Montenegro Kategori:Byar og tettstader i Sentralregionen i Montenegro