Fjodor Aleksandrovitsj Abramov () var ein russisk forfattar.
Abramov melde seg som friviljug til forsvaret av Leningrad under andre verdskrigen. Han var alvorleg såra og sendt heim att. I 1956 vart han dosent i sovjetisk litteratur, men etter 1960 konsentrerte han seg om å skriva sjølv. I bøkene skildrar han den vanskelege situasjonen til nordrussiske bønder under og etter krigen. Tre av bøkene hans er omsette til norsk; Morshjertet, Pelageja og Aljka. Han vart straffa fleire gonger for å bryta Sovjetunionen sine retningsliner for litteratur.
Småplaneten 3409 Abramov er kalla opp etter Fjodor Abramov.
Bibliografi Bratja i siostry, 1958 Vokrug da okolo, 1963 Dve zimy i tri leta, 1969 Puti-pereputja, 1973 Dom, 1980
Kjelder caplex.no Wikipedia på engelsk og svensk
Kategori:Russiske forfattarar