Dubăsari (moldovisk kyrillisk og russisk Дубоссары, Dubossary, ukrainsk Дубоссари, Dubossary) er ein by i Moldova og formelt ein bykommune (oraș) innanfor den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova. Han er utanfor kontroll av moldovske styresmakter og blir styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria som ein del av distriktet Dubăsari og er hovudsete i distriktet.

Dubăsari er ein av dei eldste busetnadane i Moldova og det er funne spor frå steinalderen her. Den moderne Dubăsari vart først nemnd på byrjinga av 1500-talet som ein marknad for moldovske bønder. Busetnaden vart ein del av Det russiske keisardømet i 1792 og fekk byrettar i 1795. Byen vart kraftig industrialisert i mellomkrigstida og vart i 1940 ein del av Moldovsk SSR. Dubăsari og forstadane vart ein del av Transnistriakrigen i 1990-1992 og har sidan den gong vorte styrte av Transnistria.

Folketal Ved folketeljinga i 2004 var folketalet i den einaste busetnaden:

Folketal 2004 Dubăsari (Дубоссары) 23 650

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dubăsari» frå , den 5. februar 2008.

Referansar

Kategori:Mindre bykommunar i Moldova Kategori:Byar og tettstader i regionen Venstre breidd av Dnister Kategori:Mindre bykommunar i Transnistria Kategori:Byar og tettstader i distriktet Dubăsari i Transnistria