Gull er eit grunnstoff med atomnummer 79 og kjemisk symbol Au. Det er eit transisjonsmetall og ligg i d-blokka i det periodiske systemet. Saman med kopar og sølv høyrer det til gruppe 11.

Særskilde kjenneteikn Til skilnad frå dei fleste andre metalla er det gult av farge.

Bruk Reint gull er mjukt, så legeringar vert brukte til smykke og anna.

Gull har lenge vore brukt som eit dyrebart metall med sikker verdi, og ein har basert fleire valutaer på gullstandarden.

I samfunn vert det gjerne rekna som det edlaste metallet, og har gjeve namnet til ein symbolsk gullalder som er den beste tida i ein viss kultur. Ein gullmedalje vert ofte gjeve som ei høg utmerking, som førsteprisen i idrettstevlingar.

Gull er godkjend som fargetilsetjing i mat og har E-nummer 175.

Historie Gull er mellom dei metalla som har vore kjend lengst.

Førekomst I naturen finst gull stort sett i gedigen form, ofte i legering med sølv. Ein finn òg gull til ein viss grad i gullmineral, hovudsakleg telluridar som calaveritt.

Sjøvatn inneheld kring 10 mikrogram gull per tonn (10 ppb). Gull utgjer i gjennomsnitt 0,004 ppm (eller g/tonn) av jordskorpa, og er såleis eit særs sjeldan grunnstoff. Når konsentrasjonane vert over 1-2 g/tonn vert dei rekna som økonomisk interessante.

Førekomst i Noreg

Dei viktigaste førekomstar i Noreg er i kvartsgangar ved Eidsvoll, Bømlo, Svartdal i Telemark og Tosenfjorden i Bindal. Det er truleg ikkje vunne ut meir enn 500 kg gull frå slike kvartsgangar.

Det har vore drive gullvasking i liten målestokk i Tana-, Alta- og Reisavassdraga har det vore drive gullvasking i liten målestokk. Den totale produksjonen har her neppe vore over 100 kg.

I eldre tider vart det utvunne noko gull av såkalla gyldisk sølv i Kongsberg. Den første sendinga gjekk frå Kongsberg til København i 1644 og vart der nytta til preging av såkalla brilledukatar.

Ein har vunne ut nokre få kilo gull i året ved raffinering av kismalmar. Ved Bidjovagge gruve vart det frå starten i 1985 til gruva vart lagt ned i 1991 utvunne kring 6,2 tonn gull frå ein malm som i gjennomsnitt inneheldt 11,5 kg kobbar og 3,5 g gull per tonn.

Sjå òg alkymi grunnstoffliste isotoptabell periodesystemet

Kjelder Raade, Gunnar. (2012, 24. februar). Gull: førekomst. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/gull%2Fførekomst.

Bakgrunnsstoff Gull, frå Sæbø skule Webelements - gull

Kategori:Transisjonsmetall Kategori:Edelmetall Kategori:Kubiske mineral Kategori:Elektriske leiarar Kategori:Tannpleiemateriale Kategori:Native element Kategori:Grunnstoff