STS-110 var ei romferd til den internasjonale romstasjonen med den amerikanske romferja Atlantis. Romferja vart skoten opp den 8. april 2002 klokka 20:44 UTC frå rampe 39-B ved Kennedy Space Center, og landa ved romsenteret den 19. april 2002 klokka 16:26 UTC.

Hovudmålet med romferda var å frakte det sentrale rammeverksegmentet S0 og Mobile Transporter (MT), ein sentral del av det skjenebaserte vedlikehaldssystemet Mobile Base System, opp til romstasjonen. Systemet gjer det mogleg for robotarmen Canadarm2 å bevege seg langs heile rammeverket som held romstasjonen saman.

Kategori:Det amerikanske romferjeprogrammet Kategori:Romutforsking i 2002