Kotsjani (makedonsk Кочани) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kotsjani og Orizari.

Kommunen har eit areal på 375,44 km². I 2021 hadde kommunen 31 602 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 24 632 innbyggjarar.

Kotsjani er eit senter for risproduksjon i landet og er kjend for dei geotermiske kjeldene rundt byen. Han ligg 120 km frå Skopje, aust i landet. Nord for byen ligg fjellet Osogovo, og i sør ligg Platsjkovitsa.

Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Kotsjani 28 330 24 632 Orizari 3 766 2 737 1 225 1 001 1 288 930 704 571

Bakgrunnsstoff Kotsjani på discoverkocani.com

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kočani» frå , den 2. februar 2008.

Referansar

Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Aust