Strumitsa (makedonsk og bulgarsk Струмица) er ei elv i Nord-Makedonia og Bulgaria. Han renn gjennom byen Strumitsa og er ei sideelv til Struma.

Ho har kjelda si i fjellet Platsjkovitsa i Nord-Makedonia og renn sørover gjennom ein djup dal og vert så kalla Stara Reka. Ho renn så inn i Radovisjdalen og gjennom byen Radovisj. Etter kvart snur ho søraustover og gjennom Strumitsadalen (Vasilevo, Strumitsa og Novo selo), og renn så gjennom byen Strumitsa før ho snur austover og inn i Bulgaria sør for Zlatarevo. Ho munnar ut i Struma frå høgre nordaust for Mitino, ikkje langt frå Rupite.

Elvar har ei total lengd på 114 km, der 81 km er i Nord-Makedonia og 33 km i Bulgaria. Ho er den lengste sideelva til Struma.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strumica» frå , den 1. februar 2008.

Strumitsa Strumitsa