mini|Kari Traa, norsk skigåar. mini|Kari Arkivuo, finsk fotballspelar. Kari er eit personnamn som kan brukast av kvinner og menn. I Noreg og fleire andre stader i Norden er namnet mest brukt som eit kvinnenamn, som ei form av namnet Katarina. I Finland er namnet eit mannsnamn, avleia av det greske namnet Makarios. Det finske og det norske Kari har ulik uttale, det norske med lang /a:/, og det finske med kort /a/ og kort /r/, slik at namna er homografe snarare enn homonyme.
Namnet har vore mykje brukt på heile 1900-talet, med ein stor topp rundt 1940 då bortimot 3 % av alle jenter blei døypte Kari. Det er blitt eit namn for å snakka om den typiske norske kvinna, som i uttrykket «Ola og Kari Nordmann».
I fylgje Statistisk sentralbyrå vardet ved byrjinga av 2005 61 menn i Noreg som hadde Kari som fyrste førenamn. Samstundes var det kvinner som hadde Kari som fyrste førenamn.
Kjende namneberarar Som kvinnenamn Kari Lerum (1883-1953), saftindustripioner Kari Vivelid (1900-1979), norsk biletkunstnar Kari Nyquist (f. 1918), norsk keramikar Kari Vinje (f. 1931) , norsk barnebokforfattar Kari Vogt (f. 1939), norsk forskar Kari Werner Øfsti (1940-2011), NRK-journalist Kari Gjesteby (f. 1947), norsk politikar Kari Nordheim-Larsen (f. 1948), norsk fylkesmann Kari Skår Sørheim (f. 1948), lokalpolitikar i Masfjorden Kari Bøge (f. 1950), norsk forfattar Kari Svendsen (f. 1950), norsk banjospelar Kari Foseid Aakre (f. 1952), ordførar i Osterøy Kari Henriksen (f. 1955), norsk politikar (Ap) Kari Bremnes (f. 1956), norsk songar Kari Kjønaas Kjos (f. 1962), norsk politikar (FrP) Kari Lena Flåten-Lindbæk (f. 1972), norsk kunstnar Kari Rueslåtten (f. 1973), norsk songar Kari Traa (f. 1974), norsk skigåar innan fristil Kari Jensen (f. 1977), norsk boksar Kari Mette Johansen (f. 1979), norsk handballspelar Kari Aalvik Grimsbø (f. 1986), norsk handballspelar
Som mannsnamn Kari Suomalainen (1920-1999), finsk avisteiknar Kari Hotakainen (f. 1957), finsk forfattar Kari Arkivuo (f. 1983), finsk fotballspelar
Anna Kari Trestakk, eventyrheltinne Kari Midtigard på Tinn, ein mykje brukt slått frå Telemark
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mannsnamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av gresk opphav Kategori:Finske førenamn