Dysna (russisk Дисна, Disna) er ei elv i Litauen og Belarus og ei av sideelvane til Daugava nær byen Dzisna.
Elva spring ut frå innsjøen Parsvėtas, nær Dūkštas i Ignalina kommune. Ho renn gjennom innsjøane Dysnai og Dysnykštis. Nær Kačergiškės snur ho austover og i 39 km renn ho langs grensa mellom dei to landa. Lengda hennar i Litauen åleine er 17 km. Ein av innsjøane i nedslagsfeltet er Drūkšiai som gjev vatn til Ignalina atomkraftverk.
Dei største sideelvane hennar er Birvėta, Golbitsa, Janka, Berezovka og Mnuta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dysna» frå , den 24. januar 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Litauen Kategori:Elvar i Belarus