Kyzylorda (kasakhisk Қызылорда, tidlegare Kyzyl-Orda) er ein by i Kasakhstan og hovudstad i Kyzylorda oblast med om lag 160 000 innbyggjarar.
Kyzylorda vart grunnlagd i 1820 som ei festning for Kokand khanat kalla Ak-Mechet. Yaqub Beg var kommandør ved fortet fram til han vart tatt til fange av russiske troppar under general Vasilij Aleksejevitsj Perovskij i 1853.
Russarane gav fortet namnet Fort Perovskij. Sidan 1867 vart han byen Perovsk og i 1920 Ak-Mechet igjen.
I 1925 fekk byen namnet Kyzyl-Orda, frå kasakhisk qyzyl («raud») og orda («senter», «hovudstad»)
Bakgrunnsstoff http://www.kyzylorda-city.kz/ http://www.kyzylorda.kz http://www.kyzylordaforum.com
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Kyzylorda» frå , den 18. januar 2008.
Kategori:Byar i Kasakhstan