thumb|Rosenberg Verft, fotografert i 2006 thumb|SeaDrill West Epsilon ved Rosenberg Verft i 2009 Rosenberg Verft er eit skipsverft på Buøy i Stavanger kommune. Verftet har hatt fleire namneendringar, og er i frå 2007 ein del av Bergen Yards. Frå bygging av skip er verksemda vorte lagt om med fokus på leveransar til petroleumsverksemd.

Historikk Rosenberg Mekaniske Verksted vart stifta i 1896 av mellom anna Sigval Bergesen d.e. og Knud Zimmer. Aksjekapitalen ved oppstart var på 54 000 kroner. Det var 13 tilsette den første tida. Verftet vart i 1942 kjøpt av Sigval Bergesen d.y.. Rosenberg vart vidare seld til Kværner i 1970. Etter at Kværner vart slått saman med Aker i 2002 ønskte føretaksleiinga å selje seg ut av Rosenberg, samstundes som dei ønskte unngå å skape ein ny konkurrent innan offshore-oppdrag. Dette då det etter deira syn var ein overkapasitet av verft i marknaden. Etter ei tid med forhandlingar vart verftet så seld til ei lokal investorgruppe med IKM og gründar Ståle Kyllingstad i spissen. I salsavtala var det ein konkurranse-klausul som hindra Rosenberg frå å ta visse oppdrag 3 år fram i tid. Investorane selde verftet vidare til noverande eigar Bergen Group for 700 millionar kroner i 2007.

Bakgrunnsstoff www.rosenbergverft.com Rosenberg solgt til Bergen Yards på http://www.aftenbladet.no Bergen Group Rosenberg

Kategori:Næringsliv i Stavanger Kategori:Skipsverft i Rogaland Kategori:Skipingar i 1896