Utne kyrkje står på Utne i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1895. Arkitekt for bygget var Peter Andreas Blix. Kyrkja har eitt skip, utan mellomstolpar, med eit smalare kor med dei vanlege sideromma, sakristi på sørsida og opphaldsrom for dåpsfolk på nordsida. På vestsida av skipet er det tårn med våpenhus i tårnfoten og trapperom på sidene. På sørsida av skipet er det ein inngang med eit lite våpenhus.
mini|venstre|Utne i 1933 På staden der kyrkja ligg var det fram til utskiftinga eit klyngjetun. Før dei fekk kyrkja på Utne sokna folk i området til Kinsarvik kyrkje.
Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld. mini|venstre|Utne 2009 mini|venstre|Utne kyrkje før 1960 Kjelder Norges kirker: «Utne kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning Om kyrkja på nettstaden til Ullensvang herad
Bakgrunnsstoff Om Utne sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Om Utne kyrkje på nettstaden til DIS-Hordaland Eldre fotografi av Utne kyrkje på nettstaden Galleri NOR (Nasjonalbiblioteket) Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Ullensvang herad på nettstaden disnorge.no
Kategori:Peter Andreas Blix Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Ullensvang Kategori:Norske kyrkjer frå 1895 Kategori:Kulturminne i Ullensvang