61 Danaë er ein ganske stor og steinete hovudbelteasteroide. Han vart oppdaga av Hermann Goldschmidt 9. september 1860 og namnsett etter Danaë, mora til Persevs i gresk mytologi.

Ein studie av ljoskurvedata frå 1985 tyder på at Danaë har ein måne. Dimensjonane til hovudlekamen er då 85×80×75 km, medan månen måler 55×30×30 km og går i bane i ei høgd på omtrent 101 km. Tettleiken til begge objekta er då 1,1 g/cm³.

Kjelder

Kategori:Asteroidar Kategori:S-type-asteroidar