mini|Stor jordhumle (B. terrestris) med klare venger på purpursolhat. Vi ser store delar pollen på humla sin pels. Humler er ei insektgruppe innan ordenen årevenger. Gruppa høyrer til biene, og er plassert i familien Apidae, humler og bier, saman med mellom anna honningbier. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, vengene verkar små i forhold til kroppen. Berre arbeidarane hjå humler som lever sosialt, i samfunn, har stikkebrodd. Fleire av artene er såkalla «gaukehumler» og lever som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.
Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lèt seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet.
Det er over 250 ulike humler i verda, dei fleste på den nordlege halvkula, men dei er også vanlege på New Zealand og Tasmania. Ein reknar med at det er 34 arter i Noreg.Ødegaard, F. et al 2009. side 103
Inndeling og artar Tradisjonelt har humler vore delt inn i to slekter, sosiale eller «ekte humler» og gauk- eller snyltrehumler. Det er usikkert kor mange humler som finst i Noreg. Ein har ein del underartar som kan vise seg å vere sjølvstendige artar, og ein har artar som ein ikkje har sikre funn av i nyare tid. Nokre humleartar som finst i nabolanda kan når som helst dukke opp i Noreg. Ein reknar likevel med at det er 33 artar i Noreg.
Skildring Utsjånad og identifisering Humla er kjenneteikna av sin noko tjukke og breie kropp, som oftast er tetthåra. Dei fleste humler er svarte med band av brunt, raudoransje, gult eller gråkvitt.
Fargane på pelsen er viktig når ein skal finne kva art humla er. Men variasjonane frå art til art er store, så skal ein vere mest mogleg sikker så bør ein undersøkje humla med aukeglas og få tak i ein god bestemmingstabell. Skal ein ha ei sikker bestemming av hannhumla er det faktisk mikrostrukturar på hannen sine kjønnsorgan som kan fortelje oss kva for ein art ein har framfor seg. Likevel vil ein stort sett kunne gjere ei rimeleg god grovbestemming ved hjelp av farge og kroppsform.
Venger Vengene er normalt gjennomsynlege, kanskje med eit svakt brunskjær. Nokre humler har likevel mørke venger, som taigahumla (Bombus sporadicus). Steingaukhumla (Psithyrus rupestris) har brunsvarte, mesta heilt ugjennomsynlege venger.
Vengene til humla er små i forhold til kroppen, og det er vorte framstilt som eit mysterium at humler i det hele tatt klarer å flyge. Som hos dei fleste andre insekt er det likevel ikkje arealet til vengene som viktigaste. Vengene bevegar seg i åttetal sånn at dei verkar som småe propellar som gir både ei kraftig oppdrift og framdrift. Vengekonstruksjonen er sånn at humler, i tillegg til å bere si eiga kroppsvekt, òg kan bere med seg ei tilsvarande tyngd i form av nektar- og pollen som ho flyg attende til bolet. Vengene slår om lag 200 vengeslag i sekundet når humla flyg.
Brodd Berre hohumler (dronningar og arbeidarar) har ein giftig stikkebrodd, som er «omdanna» frå eggleggingsrøret. Normalt er han trekt inn i bakkroppen. Brodden er glatt, utan mothakar, difor kan same humla stikke fleire gonger i motsetnad til honningbiene, som har mothakar, sånn at dei berre kan stikke éin gong.
Humlestikket kan opplevast som ei brennande smerte. Denne brennande smerta har ført til den heilt ukorrekte påstanden ein av og til høyrer om at «humlene stikk ikkje, dei brenn». Men humlene har brodd, og når dei stikk kjem ei sterk smerte. Stikket er likevel ikkje farleg med mindre ein reagerer allergisk. Dersom humlene får vere uforstyrra, er dei særs fredelege. Dei stikk berre når dei dei føler seg direkte trua. Humlestikk er difor langt sjeldnare enn vepse- og bistikk.fhi.no
Storleik Storleiken på humla kan variere frå ørsmå arbeidarar til digre dronningar. Den enkelte lengda på kvart enkelt individ kan òg variere mykje, sidan bakkroppen kan strekkjast ut og trekkjast saman.
Duftstoff Både hoer og hannar har heilt spesifikke duftstoff (feromon) som kan nyttast til ei sikker identifisering av humleartane. Ved hjelp av feromonanalysar har ein òg vore i stand til å skilje ut nye artar som tidlegare vart forveksla, eller som ein trudde var variantar av ein og same art. Eit døme på dette er liten fjellhumle som er vorte skilt ut frå lapplandshumle som ein eigen art. Ved hjelp av desse duftstoffa er humlene i stand til å finne riktig art å pare seg med.
Temperatur Eit merkeleg fenomen hos humler er at dei er «varmblodige». Dei er i stand til å regulere kroppstemperaturen sin ved å forbrenne feitt og, ikkje minst, karbohydrat i form av sukker frå nektar. Aktive humler har ein temperatur i brystpartiet (thorax) på 35-40 °C. Ved stor aktivitet kan temperaturen kome opp i godt over 40 °C. Humlene har velutvikla mekanismar som sørgjer for å halde temperaturen hos aktive humler over 30 °C og under 44 °C.
Skal humla kunne flyge må temperaturen i brystpartiet vere over 30 °C. Ei nedkjølt humle må difor nytte ein god del tid på å verme seg nok opp til at ho kan flyge. Humler rugar på yngelen i bolet, og ved ruging ledast varme frå brystet og ut i bakkroppen. Blir temperaturen i brystet for høg, som ved flyging, så ledast overskotsvarme ut i bakkroppen.
Evna humlene har til å halde kroppen varm, gjer de òg i stand til å flyge ved låge temperaturar. I høgfjellet er det ikkje sjeldsynt å sjå ei stor humledronning flyge i snøvêr, med lufttemperaturar rundt null grader. Når humlene er rolege og inaktive, sett dei ned «termostaten» og blir «vekselvarme» og kroppstemperaturen tilpassar seg omgivnadene.
Blir ei kvilande humle forstyrra, prøver den raskt å få opp temperaturen, om anna ved å aktivere dei store vengemusklane. Vengene vil da i kvilestilling vibrere lett, og ein vil gjerne høyre ein brummelyd. Når ho er varm nok, vil ho kunne ta til vengene og flyge sin veg.
Habitat Planter mini|Ei stor jordhumle (Bombus terrestris) kutter opp ein blom for å få tak i nektaren inni. Humler finn ein stort sett alle stader kvar ein finn blomsterplanter som er tilpassa humler og bier. Dei forskjellige artane har ulike «blomsterpreferansar», men preferansane er kanskje ikkje så sterke som ein skulle tru. Mykje skuldast truleg konkurranse artane i mellom. Når konkurrentane forsvinn eller blir redusert i tal, ser ein ofte at andre humleartar «overtek» preferansen. Det ser ein tydeleg hos tyrihjelmen. I fråvær av tyrihatthumle finn ein ofte andre artar på denne planten. Er derimot tyrihjelmhumleførekomsten stor, er det mesta utelukkande denne arten ein observerer på tyrihjelm.
Storleiken, tungelengda og hovudforma til humla avgjer kor effektivt humlene kan hente nektar og pollen frå dei forskjellige plantane. Korttunga humler slit med å få tak i nektar frå plantar med lange, tronge kronrør, eller der nektaren er gøymt langt inne i blomen. Langtunga humler kan, til skilnad til dei korttunga, slite med å få tak i nektaren når han sitt grunt, da dei kan få problem med å posisjonere den lange snabelen til nektaren.
Plantar der arten klarer seg godt i konkurransen om ressursane blir ofte føretrekt. Mange artar har òg klare preferansar til kva habitat dei liker. Et døme på dette er tyrihjelmhumla, som helst oppsøkjer plantar i slekta hjelm (Aconitum).
Bolet Ulike humleartar stiller ulike krav til plasseringa av bolet. Nokre artar føretrekkjer åker og eng, andre barskog. Nokre artar plasserer bola over bakken, andre i underjordiske gangar.
Menneskeleg påverknad Humlebestanden lèt seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og diverse aktivitetar. Ved massiv brenning av grasmark reduserast humlen sin sjanse til å finne passande buplassar. Når ein slår grassletter og grøntområde mister humlene mykje av det naturlege næringsgrunnlaget. Effektivt skogbruk reduserer talet på blåbær, tytebær og dei planteartane humlene er bunden til. Sprøyting og brenning av vegkantar og liknande drep også mange humler og øydelegg deira sjanse for å finne bolplassar i desse områda.
Sosiale humler Det finst 26 artar sosiale humler i Noreg. Dei sosiale humlene dannar samfunn med fleire kastar, dronningar, arbeidarar og hannar som har forskjellige oppgåver. Humlesamfunnet er som regel markert mindre enn vepsen og bia sitt, og er samansett ofte berre av nokre få hundre individ. Eit slikt samfunn varer berre eitt år, til forskjell frå samfunna honningbier og maur dannar, som varer fleire år. Men det finst nokre humlesamfunn som er fleirårige. Desse humlene dannar svermar på same måte som biene. Ein slik humleart er til dømes den brasilianske arten Bombus atratus.
Samfunn mini|Nærbilete av ei hagehumledronning (B. hortorum)
Dronningane er store hoer som kan parast, som kan overvintre og lage nye humlebol. Arbeidarane derimot er hoer som ikkje kan parast, og som manglar evna til å kunne overvintre. Men arbeidarane kan ta del i egglegginga dersom dronninga døyr eller mistar sin dominerande status i kolonien. Arbeidarane sine egg utviklar seg berre til dronar (hannar).
Dronningane parar seg om hausten og overvintrar på ein litt lunt stad, og det er berre dronningane som overvintrar for å etablere nye humlebol neste vår. Dronane kjem normalt litt seinare enn arbeidarane. Stort sett finn ein dronane frå midtsommar til langt ut på hausten. Arbeidarane og hannar døyr når seinsommaren og hausten kjem.
Som hos alle andre årevenger (veps), er alle hoer diploide (har eit dobbelt sett med kromosom), mens alle hannane er haploide (har eit enkelt sett med kromosom). Alle ufræva egg utviklast til hannar, medan alle befrukta egg utviklast til hoer. Dronninga kan sjølv regulere kva egg som skal befruktast. Sidan ingen arbeidarar kan parast, vil alle egg som arbeidarane legg utviklast til hannar.
Humlebolet Dei sosiale humlene lever i bol som dronningane byrjar på om våren. Om våren, når dronningane (dei befrukta hoene) vaknar etter vinterdvalen, et dei seg litt opp på nektar og pollen frå blomande plantar, som selje som byrjar å blome særs tidleg. Desse humlene er lett å kjenne att, store som dei er. Dei flyg rundt og «snuser» på alle små mørke opningar, for å finne ein fin plass til bolet.
Oppbygginga av bolet Heilt ytst har bolet eit isolerande lag som er samansett av diverse passande materiale med god isolasjonsevne sånn at humlene klarer å halde riktig temperatur i bolet. Innanfor dette finn vi sjølve bolet som er bolkaka, og ofte òg av frittståande honningkrukker som er bygt i voks. Bolkaka består av kokongar, både nye og tomme kokongar som er laga av humlelarva sitt silkespinn. Vidare består bolkaka av larvekammer og eggceller som er bygd av humlevoks spedd med pollen for å gi voksen den rette fastleik. Dei tomme kokongane nyttast til å lagre nektar, og for nokre artar også pollen. Voks/pollen-blandinga nyttast også til å tette bolet, gjere isolasjonsevna betre og ha eit betre vern mot parasittar og plyndring. Nokre artar kan også byggje med voks rundt innflygingshull og gjere denne passasjen mindre. Andre artar fjernar isolasjonen og byggjer eigne vokstak over bolkaka.
Plasseringa av bolet Humlene samlar eller byggjer svært sjeldan isolasjonslaget sjølv, men overtek som regel musebol og liknande til dette føremålet. Denne isolasjonen er særs viktig og heilt avgjerande for at humlene skal lykkast i å formeire seg. Humlene søkjer inn i musegangar på jakt etter musebol. Forsøk har vist at humlene av og til jagar bort dyret som frå før bor i bolet. Har ei humle først slått seg ned i eit musebol gir den ikkje så lett bolet att til musa.