Madre de Dios-regionen (quechua Diyuspa Mama suyu) er ein region i søraustlege Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i vest, mot Cuzco-regionen og Puno-regionen i sørvest og sør og mot Brasil og Bolivia i aust.

Madre de Dios-regionen dekker 85 301 km² og hadde 141 070 innbyggjarar i 2017. Regionhovudstaden er Puerto Maldonado. Regionen er territorium for 18 etniske grupper av indianarar, mellom anna machiguengaer.

Geografi og klima mini | 300 px| venstre |Refieffkart av sentrale delar av regionen med namn på dei største sideelvane til Madre de Dios Regionen ligg mest fullstendig i lågtliggande tropisk regnskog i Amazonas, vidkjent for det store mangfald i artar. Klimaet er varmt og fuktig, med eit gjennomsnitt på 26 °C, maksimum 34 °C og minimum 21 °C . Regntida varer frå desember til mars, då kan styrtregn få elvane til å svelle og får delar av elvebreidder til å bryte saman. Årleg nedbør kan vere så mykje som 3000 mm. Sørvestgrensa mot Cuzco-regionen er kjent under namnet Fitzcarrald, ei låg fjellrekkje som skil elva Madre de Dios frå Urubamba. Dei mest vektige bielvane i Madre de Dios-vassdraget er Inambari, Tambopata, Manú, Rio de Las Piedras (Tacuatimanu), Tahuamanu og Heath. Acre er sideelv til Purús, ho startar som grenseelv mellom Madre de Dios-regionen og Brasil og er dessutan vidare ei grenseelv mellom Brasil og Bolivia aust om Peru.

Kommunikasjonar mini | høgre | Luekapusinar. Puerto Maldonado har lufthamn for rutegåande fly. Det finst ingen jernbanar i regionen. Einaste bilvegen til andre regionar som er verdt å nemne er vegen på 530 kilometer mellom Puerto Maldonado og Cuzco i Cuzco-regionen. Men vegen har så låg standard at flyruta mellom dei to byane er den mest vanlege og pålitande transportmåten. Andre vegar i regionen er ei 50 kilometer strekning mellom Puerto Maldonado og gruvebyen Laberinto, vegen mellom landsbyane Colorado ved Madre de Dios og Puerto Carlos ved Inambari og vegen mellom landsbyen Atalaya og Cuzco. Sistnemnte er totalt ca. 300 kilometer lang einfelts veg som er ubrukeleg i regntida.

Regionen har stort areal med spreidd busetnad slik at elvefara gjev beste transportvegar frå landsby til landsby. Menneskeleg aktivitet er med få unnatak lokalisert nær elvebreidder.

Naturressursar, miljø og næringsliv I regionen har ein registrert om lag 1230 artar av sommarfuglar, 160 artar pattedyr, av dei er kjempeoteren trua og jaguaren nær trua. Meir enn 850 fugleartar,I kort skildring hos UNESCO World Heritage Centre reknar ein 850 artar i Manu nasjonalpark, i tillegg kjem fleire artar i austlege område av regionen kanskje over 1000Manu Wildlife Center har registrert over 1000 fugleartar er registrert.

Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat med fleire er oppretta for å verne miljøet i regionen.

Økonomien i regionen er heilt avhengig av naturprodukt og uttak av råvarer. I praksis føregår det mest ikkje fabrikkmessig produksjon eller foredling. Hovudprodukta frå jordbruket er bomull, kaffi, sukkerrøyr, kakaobønner, paranøtter og palmeolje.

Den andre store næringsvegen i regionen er gullgraving, hovudsakleg avgrensa av vasking ved elvebreiddene av Inambari og Madre de Dios. Slik verksemd vil vanlegvis nytte flytande kvikksølv for å trekke ut gullpartiklar frå elveslammet og kan dermed skade miljøet og innebere eit helseproblem for folkesetnaden. Gullgravarane rører ofte kvikksølvet med berre hender. Dei brenn kvikksølvet for å reinske gullpartiklane, når kvikksølvet er over i dampform vil det ureine økosystema.

I den søraustlege delen av regionen er det meste av arealet som ikkje er verna av dei tre nasjonalparkane lagt ut til petroleumsverksemd.Artikkel hos Environment News Service, 4.januar 2006 Andre miljøutfordringar i regionen er dei jordbruket skaper med fortrenging av naturleg skog, ulovleg selektiv skogshogst, spesielt etter mahogni, og ulovleg jakt på trua artar som til dømes kjempeoter, amazonskjelpadde, kaiman og aper, og arapapegøyar som kjæledyr.

Galleri

Politisk inndeling Regionen er delt inn i 3 provinsar som igjen er delt inn i til saman 11 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes: Manu (Manu) Tahuamanu (Iñapari) Tambopata (Puerto Maldonado)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Madre de Dios Region» frå , den 5. januar 2008.

Andre kjelder: Manú National Park - UNESCO World Heritage Centre Project Las Piedras (2002 og 2003)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Peru