54 Alexandra er ein veldig stor og mørk hovudbelteasteroide. Den vart oppdaga av H. Goldschmidt 10. september 1858 og namnsett etter den tyske oppdagaren Alexander von Humboldt. Den 17. mai 2005 okkulterte asteroiden ei svak stjerne med tilsynelatande storleiksklasse på 8,5. Okkultasjonen vart observert frå ei rekkje plassar i USA og Mexico. Resultatet vart ein silhuettprofil som viste ei relativt ovalforma skive med dimensjonar på 160 x 135 km (± 1 km).D.W. Dunham, «Upcoming Asteroid Occultations», Sky & Telescope juni 2006 s. 63

Kjelder

Alexandra Alexandra