Latina er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Latina i regionen Lazio, har om lag 110 000 innbyggjarar og er den nest største byen i regionen. Byen vart grunnlagd i 1932 med namnet Littoria då området rundt, som hadde vore myrlendt sidan antikken, vart drenert.
Geografi
Kommunen grensar til Aprilia, Cisterna di Latina, Nettuno, Pontinia, Sabaudia, Sermoneta og Sezze.
Historie mini|venstre|Opprettinga av Littoria i 1932.
Latina vart grunnlagd 30. juni 1932 med facistnamnet Littoria. Byen vart innvigd 18. desember same år. Littoria var ein by der mange emigrantar frå Friuli og Veneto busette seg, som danna så den såkalla venetianske-pontinske samfunnet. Bygg og monument, hovudsakleg i nyklassisk stil, vart teikna av kjende arkitektar og kunstnarar som Marcello Piacentini, Angiolo Mazzoni og Duilio Cambellotti.
I 1934 vart byen provinshovudstad. Etter den andre verdskrigen, i 1946, vart namnet endra til Latina.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Latina» frå , den 25. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Lazio Kategori:Byar i Italia