Caserta er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Caserta i regionen Campania og har om lag 80 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig senter for jordbruk, handel og industri og ligg i utkanten av den campanianske sletta ved foten av åsane som strekkjer seg opp mot Appenninane. Byen er mest kjend for palasset sitt.
Historie venstre|mini|Palasset i Caserta
Den moderne Caserta vart grunnlagd rundt eit forsvarstårn bygd av langobardisk tid av Pando, fyrste av Capua. Pando øydela den opphavlege byen rundt 863. Tårnet er i dag ein del av Palazzo della Prefettura som ein gong var sete for grevane av Caserta, i tillegg å vere ein kongeleg residens. Dei første innbyggjarane flytta frå Casertavecchia (tidlegare bispesete) til den noverande staden på 1500-talet.
Byen og omegn høyrte til familien Acquaviva, som selde landområda til kongefamilien då dei kom ut for pengemangel. Kongefamilien ønskte å bygge eit nytt palass og valde Caserta, som dei såg på som ein by som var lettare å forsvare enn det tidlegare palasset ved Napolibukta. Palasset er i dag på UNESCO si verdsarvliste.
Caserta var fødestaden til den italienske forfattaren Maria Valtorta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Caserta» frå , den 16. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Campania Kategori:Byar i Italia Kategori:Verdsarv i Italia