Provinsen Trento er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Byen Trento hyser provins-administrasjonen. Provinsen har eit areal på 6 207 km² og totalt 541 098 innbyggjarar i 2018. I 2013 er det 217 kommunar i provinsen.

Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Geografi Nesten heile provinsen Trento er dekt av fjell, med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårane mellom Italia og Nord-Europa. Andre dalar i provinsen er Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.

Dei største kommunane i provinsen:

KommuneFolketalTrento110 666Rovereto35 231Pergine Valsugana18 012Arco15 649Riva del Garda15 157Mori8 833Lavis8 157Ala8 071Levico Terme6 767Cles6 714Borgo Valsugana6 570Mezzolombardo6 339

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Trento» frå , den 15. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trentino-Alto Adige Trento