mini|Vulkanen Etna ligger i Catania.
Provinsen Catania er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Catania. Han har eit areal på 3 552 km² og totalt 1 073 881 innbyggjarar i 2005.
Provinsen grensar til Det joniske havet i aust, provinsen Messina i nord, provinsen Enna og provinsen Caltanissetta i vest og provinsen Siracusa og provinsen Ragusa i sør.
Det er 58 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
KommuneInnbyggjararCatania305 717Acireale52 394Paternò49 006Misterbianco46 251Caltagirone39 299Adrano35 779Gravina di Catania28 018Aci Catena27 992Giarre26 821Mascalucia26 284Biancavilla23 308Belpasso22 032Tremestieri Etneo21 362San Giovanni la Punta20 526Bronte på Sicilia19 147Aci Castello18 084Scordia17 168Aci Sant'Antonio16 796Palagonia16 393
Endringar Det har vorte diskutert i mange år om ein skal dele provinsen Catania opp i tre separate provinsar, der den sørlege delen vert provinsen Caltagiorne, området nordaust for Etna vert provinsen Acireale-Giarre-Taormina. Den nye provinsne vil innehalde alle kommunane sør for elva Simeto i tillegg til kommunane Ragusa og Caltanisetta. Det var ei folkeavstemming i 1990-åra for å avgjere dette, men fleirtalet stemde nei, og ingenting har vorte gjort etter den tid.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Catania» frå , den 15. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sicilia