Domssøndag/Kristi kongedag – i Noreg tidlegare omtalt som siste sundag i kyrkjeåret – fell mellom 20. og 26. november og er den siste søndagen før adventa.
Etter liturgirevisjonen i 2012 fekk dagen i Den norske kyrkja namnet domssøndag/Kristi kongedag fordi preiketekstane minner om at Kristus skal komme att for å halde dom over levande og døde, og domaren seier at «Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, har de heller ikkje gjort mot meg».Evangeliet etter Matteus ved bibel.no
Krist kongefest I Den katolske kyrkja har det vore vanleg å feire den siste sundagen i kyrkjeåret som Kristi kongefest. Kristi kongefest er den yngste av idéfestane til Kristi ære i kalenderen. Festen vart innført av pave Pius XI i 1925 som eit motstykke til sekularismen i tida og som ein protest mot allmakta til statane.
Kyrkjer som feirar Kristi kongefest, kan velje å nytte kvit liturgisk farge, sjølv om den vanlege liturgiske fargen denne sundagen er grøn.
Kjelder
«Siste søndag i kirkeåret: Kristi Kongefest» ved katolsk.no
Kategori:Kyrkjeåret