Elias Canetti () var ein tyskspråkleg bulgarsk-fødd sefardisk-jødisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981).
Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande jødespansk og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi. Han vart stort sett buande i Wien fram til han og kona Veza laut flykte derifrå etter at Austerrike vart innlemma i det nazistiske Tyskland i 1938. Dei flytte til England i 1939 og vart buande der til etter krigen. Frå 1970-åra heldt han stadig meir til i Sveits, der han så vart buande frå 1980-åra til han døydde i Zürich den 13. august 1994.
Verkliste Skodespel 1932 - Die Hochzeit 1956 - Die Befristeten
Romanar 1935 - Die Blendung (norsk omsetjing: Forblindelsen, 1993)
Sakprosa 1960 - Masse und Macht 1969 - Der andere Prozess: Kafkas Briefe an Felice u.å. - Hitler nach Speer 1975 - Das Gewissen der Worte
Sjølvbiografi 1977 - Die Gerettete Zunge 1980 - Die Fackel ihm Ohr: Lebensgeschichte 1921-1931 1985 - Das Augenspiel: Lebensgeschichte 1931-1937
Foreløpig uklassifisert 1934 - Komoedie der Eitelkeit 1965 - Aufzeichnungen 1942-48 1968 - Die Stimmen von Marrakesch u.å. - Die Provinz des Menschen Aufzeichnungen 1942-1972 1974 - Der Ohrenzeuge. Fuenfzig Charaktere 1987 - Das Geheimherz der Uhr: Aufzeichnungen u.å. - Die Fliegenpein u.å. - Nachträge aus Hampstead
Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Sefardiske forfattarar Kategori:Sefardiske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar