Pollux (italiensk Monte Polluce) er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits og Italia med ei høgd på 4 092 meter over havet. Han er den lågare av to tvillingtoppar. Den andre toppen er Castor og begge er kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Passet mellom dei toppane er 3 845 meter høgt og heiter Passo di Verra på italiensk og Zwillingsjoch på tysk.

Dei første som nådde toppen av fjellet var Jules Jacot frå Genève med guidane Josef-Marie Perren og Peter Taugwalder den 1. august 1864. Ruta deira gjekk via Schwartztor, eit pass som først vart kryssa av John Ball og Gabriel Zumtaugwald i 1845. Den imponerande nordveggen vart først klatra av Kaptein John Percy Farrar og Wylie Lloyd med guiden Josef Pollinger den 18. august 1893.

Bakgrunnsstoff Pollux on SummitPost

Kjelde

Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975 Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994. (Dumler gives Pollux's elevation as 4,091 m.)

Pollux Pollux Pollux Pollux Pollux Kategori:Internasjonale fjell i Europa