Parrotspitze (italiensk Punta Parrot) er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 432 meter over havet. Fjellet er kalla opp etter Johann Jakob Friedrich Wilhelm Parrot, ein tysk lækjar, som prøvde å nå toppen av Vincent-pyramiden i lag med Joseph Zumstein i 1816.

Første gong toppen vart nådd var 16. august 1863 av Reginald S. Macdonald, Florence Crauford Grove, Montagu Woodmass og William Edward Hall med fjellførarane Melchior Anderegg og Peter Perren, fire dagar etter same laget var dei første på toppen av det nærliggande Dent d'Hérens.

Året før, 8. juli 1862, klatra eit lag med Adolphus Moore og Hereford Brooke George og guidane Christian Almer og Matthias Zumtaugwald austsida av Parrotspitze (den britiske ruta), men gjekk rett over grensa til Sveits, utan å klatre dei siste 60 metrane til toppen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Parrotspitze» frå , den 14. november 2007. oppgav desse kjeldene:  

Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994 Collomb, Robin G., (red.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975

Bakgrunnsstoff Parrotspitze på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Aostadalen Kategori:Internasjonale fjell i Europa