Djupfjord I kraftverk er eit vasskraftverk ved Djupfjorden i Sortland kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar eit fall på 133 meter frå Storvatnet til havnivå ved Djupfjorden . Storvatnet er oppdemt og regulert mellom 152 og 133 moh.

Produksjonen starta i 1952 og verket vart modifisert i 2007. Det er installert ein turbin på 3 MW. Middels årsproduksjon er på 18 GWh.

Kraftverket er eigd av Vesterålskraft produksjon.

Kjelder NVE Vesterålskraft produksjon

Kategori:Kraftverk i Sortland Kategori:Vesterålskraft Kategori:Kraftverk skipa i 1952 Kategori:1952 i Noreg