Lago di Lei er ein dam i Valle di Lei på grensa mellom Italia og Sveits. Nesten heile dammen ligg på den italienske sida, men demninga som skapte reservoaret, er på den sveitsiske sida, i kommunen Ferrera i Graubünden. Demninga vert drifta av Kraftwerke Hinterrhein.

Vatnet i dammen er eit av berre få i Italia som endar opp i Nordsjøen, sidan det er ein del av nedslagsfeltet til Rhinen. Dei andre vatna i Italia som ikkje renn ut i Middelhavet finn ein i Livignodalen, Sesto/Sextendalen, val Pusteria Pusterttal aust for San Candido/Innichen, og dei fleste vatna i kommunen Tarvisio aust for Sella Nevea.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lago di Lei» frå , den 3. februar 2012.

Bakgrunnsstoff KHR: Valle di Lei: Der Rhein entspringt auch in Italien

Kategori:Innsjøar i Italia Kategori:Innsjøar i Sveits Kategori:Innsjøar i Graubünden Kategori:Lombardia Lei Lei Lei Kategori:Internasjonale innsjøar i Europa