Idar Handagard () var ein norsk lege, botanikar, nynorskforkjempar, fråhaldsagitator og statsstipendiat frå Kristiansund.

Idar Handagard blei fødd i Kristiansund og voks opp der og i Bergen. Han blei cand.med. i 1905, og fekk i 1907 kongens gullmedalje for ei avhandling om norske plantenamn. Same året fekk han òg ein pris for den fyrste nynorske læreboka i helselære: Mannalikamen og helsa. Denne boka kom med tida i mange opplag.

Forfattarskapen og engasjementet hans omfatta målrørsla, fråhaldssaka og eit venstreorientert standpunkt i fleire samfunnsspørsmål. Han skreiv om og beundra Oscar Nissen, som var leiar av både Det Norske Totalavholdsselskap og Arbeidarpartiet.

Handagard var styremedlem i Studentmållaget frå hausten 1901 til og med hausten 1902.

Han praktiserte aldri som lækjar, men var ein aktiv skribent, og skreiv meir enn 500 bøker og hefter: Doktorboki (1913), Vanlege sjukdomar (1925), engasjerte seg i Grønlandssaka, og skreiv fleire korte diktarbiografiar i serien småskriftar for bokvenner (om Ivar Aasen, Kristofer Janson, Wessel og Henrik Wergeland): Han skreiv òg mange diktsamlingar, og nokre av dikta er tonsette. Verselæra Norsk verselæra blei lenge brukt som lærebok på universitet.

Handagard var lenge og aktivt oppteken av fråhaldssaka, mellom anna gjennom Studentfråhaldslaget i Oslo. Motivasjonen hans var kristenetisk, ålmenetisk og medisinsk. Han skreiv fleire artiklar om fråhaldsrørsla si historie og fråhaldsrørsla sine pionerar. Særleg kan ein nemna litteraturhistoriske verket En samfunns-ide og dens digtere (1915).

Handagard skreiv dikt og bokmeldingar i DNT sitt blad Menneskevennen.

Idar Handagard blei statsstipendiat i 1932.

Litteratur Det gamle og det nye aar : nytaarsfantasi i en akt. 1897 Under blaat flag : sange og tendens-digte. 1900 «Fosna-maale : eit norskt bymaal» I: Syn og Segn, 1901 Sange sub rosa og andre digte. 1902 Mannalikamen og helsa. 1907 Saftbogen : en veiledning for husmødre. 1912 Doktarboki : ei rettleiding fyr folket. 1913 Det nye samfund. 1914 En samfunds-idé og dens digtere. 1915 Bd 1: Wergeland og Welhaven og deres stilling til ædruelighetsarbeide Bd 2: Fem folkedigtere : John Dahl, Ole Sneve, Waldemar Ager, Augusta Abrahamsen, Mauritz Sterner Turrmanns visor og andre vers. 1921 Folkesuveræniteten og Grønlandsspørgsmaalet. 1922 Vanlege sjukdomar. 1925 Norsk verslæra. 1932 Danmarks urett og Noregs rett til Grønland . 1932 Victor Hugo. Dei bannstøytte. Umsett av Idar Handagard. 1933 (Les Miserables) Nye songar og nye salmor. 1938 Rytme og rim : Stutt verslæra : Med ei rytmetavla. 1944

Om han Hørven. Lars. Idar Handgard. 1928 Bakken Ove; Sundet Olav. Idar Handgard - mannen og livsverket hans. Globusforlaget 1944 Johnsen,H.:Norsk Avholdslitteratur II. Oslo 1954. Søraa, Ø: Idar Handagard 85 år. I: Folket 7/8-1959 Handagard, Sara. Idar Handagard : bibliografi 1893-1956. Oslo, 1988 ISBN 82-991612-0-7

Kjelder

Omtale hjå Forbundet mot rusgift Styre i Studentmållaget 1900-2003

Denne artikkelen bygger på «Idar Handagard» frå , den 4. november 2007.

Målfolk Kategori:Avhaldsfolk Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:Statsstipendiatar