Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen () var ei norsk prinsesse og det eldste barnet til kong Olav V av Noreg og kronprinsesse Märtha av Noreg.

mini|portrett|venstre|Monogrammet til Prinsesse Ragnhild

Prinsesse Ragnhild Alexandra vart fødd på Slottet i Oslo, som den første norskfødde prinsessa sidan mellomalderen. Ho var syster til prinsesse Astrid, fru Ferner og kong Harald V av Noreg.

I 1953 gifta ho seg med Erling Sven Lorentzen, som tidlegare hadde vore livvakta hennar, i Asker kyrkje. Ho var den første av dei kongelege som gifta seg borgarleg, altså ikkje adeleg, og hendinga skapte mykje oppstyr. Paret busette seg sidan i Brasil og fekk tre born: Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen og Ragnhild Lorentzen.

Prinsesse Ragnhild hadde i fylgje den norske grunnlova ikkje arverett til den norske trona. Ho hadde derimot arverett til den britiske trona, ettersom ho stamma direkte frå Sophia av Hannover.

Trass i den lange avstanden, var det tette band mellom Ragnhild og far hennar, kong Olav V av Noreg. I mange år sende dei brev til kvarandre kvar sundag, men ho brende alle breva etter at kong Olav døydde i 1991. Grunnen var at ho ikkje ville at breva skulle verta offentlege. Ein del faghistorikarar var usamde i denne avgjerda, av di dei meinte breva var historisk viktige.

I 2004 var prinsesse Ragnhild med i eit fjernsynsprogram, der ho kritiserte både kronprins Haakon av Noreg og prinsesse Märtha Louise av Noreg sitt val av ektefelle. NRK.no, 16.09.12: - Prinsesse Ragnhild var nok glad for å slippe rampelyset

Mellom utmerkingane prinsesse Ragnhild hadde var storkrossen av St. Olavs Orden.

Titlar Prinsesse Ragnhild av Noreg (1930-1953) Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen (1953-2012)

Referansar

Bakgrunnsstoff Biografi på nettstaden til kongehuset TV 2: Prinsesse Ragnhild bisettes 28. september

Kategori:Norske prinsesser Kategori:Norsk-brasilianarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk som har opna OL Kategori:Kongelege frå Oslo