County Sligo (irsk Contae Shligigh eller berre Sligeach) er eit grevskap i Republikken Irland vest på Irland i provinsen Connacht.
County Sligo grensar til Mayo i vest, Roscommon i sør og Leitrim i aust. I nord ligg Atlanterhavet. Kystlinja er broten av ulike steinformasjonar og buktar som Killala Bay og Sligo Bay ved byen Sligo.«Sligo (county)» i Encyclopædia Britannica, 1911
mini|venstre|Gravstader i Carrowkeel. Grevskapet blei danna av sir Henry Sydney i 1579. Det finst ei rekkje førhistoriske byggverk i stein her, som Meadbhs grav på toppen av Knocknarea og ei rekkje steinaldergraver mellom Carrowkeel og Knockalongy.
Forfattaren og nobelprisvinnaren William Butler Yeats var mykje av barndommen sin nord i Sligo og landskapet der inspirerte mykje av poesien hans. Han sa sjølv at «staden som mest har påverka livet mitt er Sligo».«William Butler Yeats: Quotations (3)»
Byar og landsbyar i County Sligo Achonry, Aclare Ballaghnatrillick, Ballinafad, Ballintogher, Ballymote, Ballysadare, Banada, Beltra Carney, Castlebaldwin, Cliffony, Cloonacool Collooney, Coolaney, Dromore West, Drumcliffe Easkey Geevagh, Grange, Gurteen/Gorteen Inishcrone Kilglass, Keash Monasteraden, Mullaghmore Riverstown, Rosses Point Skreen, Strandhill, Sligo Tourlestrane, Tubbercurry
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Sligo» frå , den 24. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grevskap i Republikken Irland