Karl Raimund Popper () var ein austerriksk filosof og vitskapsteoretikar.
Popper vart fødd i Wien i Austerrike som son av ein advokat av jødisk opphav, og tok doktorgraden i filosofi ved Universität Wien i 1928. Han arbeidde først i Tyskland, hovudsakleg som filosof, med vitskapsteori som spesialitet. Etter Anschluss emigrerte han til New Zealand og seinare til Storbritannia. Karl Popper blir rekna som den mest innflytelsesrike vitskapsfilosofen på 1900-talet.
Et viktig tema hos Popper var forskjellen mellom det han skildra som genuint testbare teoriar og teoriar som riktig nok stod fram som vitskapelege, men som ikkje var testbare og derfor var pseudovitskap. Teoriar for eksempel frå Adlers og Freuds arena var av denne ikkje-testbare mytiske typen. Dei var, slik Popper såg det, fascinerande nok, men stod fram som grunnleggande upålitelege. Som eksempel på ein dristig teori av eit anna vitskapeleg kaliber trekte han fram Einsteins relativitetsteori. Relativitetsteorien medførte at det var mogeleg å forutseie konsekvensar som var testbare. På den måten var den eit svært dristig vitskapeleg teori samtidig som han, i tilfelle han viste seg å overleve denne testen, hadde ein annan substans av pålitelegheit.
Bibliografi Logik der Forschung, 1934 The Open Society and its Enemies, 1946 The Poverty of Historicism, 1961 Conjectures and Refutations: The Growth of Scientific Knowledge, 1963 Objective Knowledge: An Evolutionary Approach, 1972 Unended Quest; An Intellectual Autobiography, 1976 The Self and Its Brain: An Argument for Interactionism (med John C. Eccles), 1977 The Open Universe: An Argument for Indeterminism, 1982 Realism and the Aim of Science, 1982 Die Zukunft ist Offen (med Konrad Lorenz), 1985 The Myth of the Framework: In Defence of Science and Rationality, 1994 Knowledge and the Mind-Body Problem: In Defence of Interactionism, 1994 In Search of a Better World
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske filosofar