Inishturk (Inis Toirc på irsk, tyder Villsvinøya) er ei øy utanfor kysten av County Mayo i Republikken Irland. Ho har ein permanent busetnad på om lag 70 innbyggjarar. Det er to busetnadar på øya, begge ligg på den skjerma austkysten av øya. Det er båtsamband til øya frå Roonagh. Nokre av innbyggjarane er etterkomarane etter folket som vart evakuert frå Inishark i sørvest. Britane bygde eit Martellotårn på vestkysten av øya under Napoleonskrigane.

Kjelde

Kategori:Mayo Kategori:Irske øyar