Inishvickillane, òg kalla Inishvickillaun eller Inishvickillaune, (Inis Mhic Uileáin på irsk) er ein av Blasketøyane i County Kerry i Irland. Innbyggjarane på Blasketøyane brukte å kalla ho The Inis.J. & R. Stagles, The Blasket Islands: Next Parish America. O'Brien Press, Dublin, 1980 Inishvickillane var busett i periodar på 1800-talet og tidleg på 1900-talet av ein eller fleire familiar. Det er mange ruinar av gamle steinbygningar på øya og eit hus vart bygd i 1970-åra av tidlegare taoiseach (statsminister) Charles Haughey, som eigde øya og nytta ho som feriestad.

Inishvickillane har viktige koloniar med sjøfugl, særleg viktig er havhest, havsvale og lundefugl. Ein flokk med kronhjort vart sett ut på øya av Haughey.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inishvickillane» frå , den 15. oktober 2007.

Fotnotar

Kategori:Kerry Kategori:Irske øyar