Karl Ritter von Frisch () var ein zoolog frå Austerrike, som hovudsakleg er kjend for det åtferdsbiologiske arbeidet sitt med bier. Han studerte sansane deira, og fann mellom anna fram til korleis dei kommuniserer gjennom dans. Denne teorien vart teken imot med stor skepsis i førstninga, men i ettertid har det vist seg at Frisch hadde rett.
I 1973 fekk han Nobelprisen i medisin saman med Konrad Lorenz og Niko Tinbergen.
Kategori:Biologar frå Austerrike Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Austerrikske nobelprisvinnarar