mini|Strangford Lough frå Portaferry Strangford Lough, eller Loch Cuan på irsk, er ein fjord i County Down i Nord-Irland. Han er skild frå Irskesjøen av Ardshalvøya. Han er ein populær turistattraksjon som er kjend for det gode fiske og dei vakre landsbyane ved kysten. Den mest kjende av desse er Portaferry, ein liten landsby rundt 3 000 folk.
Fjorden har mange øyar og er den fjorden i Storbritannia og på Irland med størst areal, 150 km². Fjorden er nesten heilt omgjeve av land og berre eit smalt, 8 km langt sund med kraftige tidvasstraumar fører ut til Irskesjøen. Det vert sagt at det er 365 øyar i fjorden, ein for kvar dag i året, men i røynda er det berre 70. Fjorden er eit verna område og har eit rikt dyreliv.
Strangford Lough er ein viktig vinterdestinasjon for mange vade- og sjøfuglar. Dyr som ein finn i fjorden er mellom anna sel, brugde og ringgås. Tre fjerdedelar av ringgjæsene i verda heldt til i fjorden om vinteren.BBC Hands on Nature
Tidvasskraft I 2007 vart det første kommersielle tidvasskraftverket installert i sundet mellom sjølve fjorden og Irskesjøen. Undervassgeneratoren produserer 1,2 megawatt ved hjelp av dei kraftige undervasstraumane, som kan verte opp til 4 m/s. Sjølv om kraftverket gjev straum til om lag tusen heimar har turbinane minimal innverknad på miljøet, sidan dei ligg heilt under vatn og rotorane roterer sakte nok til at dei ikkje utgjer fare for dyrelivet.BBC News
Fotnotar
Litteratur Boaden, P.J.S., O'Connor, R.J. and Seed, R. 1975. The composition and zonation of a Fucus serratus community in Strangford Lough, Co. Down. J. exp. Biol. Ecol. 17: 111 - 136.
Bakgrunnsstoff Strangford Lough Online Marine Current Turbines
Kjelde
Kategori:County Down Kategori:Fjordar i Nord-Irland