Terje Søviknes () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 20. desember 2016 til 30. august 2018.
Han var ordførar i Os kommune i Hordaland frå 1999 til 2016. Søviknes er også gruppeleiar for Framstegspartiet i Hordaland fylkesting, og vart i 2005 utnemnd som formann i Frps kommunalpolitiske utval. Han var 2. nestleiar i partiet 1999–2001, og vidare 2. nestleiar frå 2019.
Liv og virke Terje Søviknes kjem frå Søvikneset i Lysefjorden i Os kommune. Han er utdanna sivilingeniør.
Terje Søviknes vart ordførar i Os i 1999, og vart med det den første Frp-ordføraren i landet. Os kommune vart då omtalt som Framstegspartiet sitt «utstillingsvindauge» og Søviknes' popularitet og politikk gav han tilnamnet «Trollmannen frå Os» i mange aviser.
Terje Søviknes var frå 1999 til 2001 nestformann i Framstegspartiet saman med Siv Jensen og var ein profilert rikspolitikar. Han vart i denne perioden ofte omtalt som dåverande partiformann Carl I. Hagens naturlege etterfølgjar. Han trekte seg frå alle rikspolitiske verv i januar 2001 etter at det vart kjend at han hadde hatt seksuell omgang med ei 16-årig jente på ein fest i Langesund etter eit landsmøte i Framstegspartiets Ungdom. Siv Jensen og partileiinga vedgjekk seinare at dei kjende til saka då Søviknes vart nominert på førsteplass på Hordaland Frps liste til stortingsvalet 2001. Søviknes heldt fram som ordførar, men var ikkje innblanda i rikspolitikken før hausten 2002 då han var innleiar på partiets landskonferanse. Frå 2003 har han vore til stades på landsmøta. Siv Jensen uttrykte at ho ønskjer Terje Søviknes tilbake i rikspolitikken.
Ved kommunevalet i 2003 gjekk FrP si oppslutning i Os frå 36,6 til 45,7 prosent – ein framgang på nær ti prosentpoeng i forhold til valet i 1999. Os vart òg den kommunen i Noreg der partiet hadde størst tilslutning. I valet i 2007 oppnådde partiet 44,8 prosent i Os.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Terje Søviknes» frå , den 5. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Portrettintervju i Økonomisk Rapport (2006)
Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Ordførarar i Os i Hordaland Kategori:FrP-ordførarar i Hordaland Kategori:Ordførarar i Bjørnafjorden Kategori:FrP-ordførarar i Vestland Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Folk frå Os i Hordaland