Hengill er ein vulkan sørvest på Island, sør for Þingvellir. Vulkanen dekkjer eit areal på om lag 100 km².
Vulkanen er framleis aktiv, noko ein kan sjå på dei mange varmekjeldene og fumarolene, men det siste utbrotet skjedde for om lag 2000 år sidan.
Vulkanen er ei viktig energikjelde for den sørlege delen av landet, som særleg vert utnytta av Nesjavellir kraftverk. Kraftverket ligg på vestsida av innsjøen Þingvallavatn.
Området med sine fjell og varmekjelder er eit flott turområde og har mange stiar. Den litle bygda Hveragerði er òg ein del av Hengill-området og har mange varmekjelder.
Nokre gamle segner og islandske sagaer var forbunde til området. Til dømes skal ein ung bonde ha tatt livet av den sovande trollkona Jóra, medan ho låg og venta på uskuldige forbipasserande på stien over Dyrafjöll.
Sjå òg Vulkanar på Island
Kjelder
Kategori:Vulkanar på Island Kategori:Fjell på Island Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Vulkansprekker Kategori:VEI-2-vulkanar