Kleifarvatn er den største innsjøen på Reykjanes på Island. Han ligg i den sørlege delen av sprekksona til Den midtatlantiske ryggen. Det går ein sti til innsjøen og to område med høge temperaturar ligg like ved, Seltún/Krýsuvík og ein annan like aust. Det største djupet i innsjøen er 97 meter. Etter eit stort jordskjelv i 2000 byrja innsjøen å forsvinne og i dag er overflata 20% mindre.
Sjå òg Innsjøar på Island
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kleifarvatn» frå , den 2. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Bilete Biletgalleri av Kleifarvatn National Geographic om innsjøen
Kategori:Innsjøar på Island